Er det slik vi vil at fedrelandet skal sjå ut? (Foto: Runar Gilberg)

«Salt smart», seier Staten og Vegvesenet når dei forpestar by og land med saltbilane sine. «Salt smart» er ei sjølvmotseiing på line med «Torturer behageleg».

Vi fikk et tips om en artikkel på Kondis – norsk organisasjon for kondisjonsidrett.  Forfatteren skiver bl.a.:

For seks-sju år sidan vart aksjonen «Hvit vinter» sett i gang. Drivhuseffekt og mange milde vintrar på rad gjorde at Vegard Ulvang, Gudmund Skjeldal og fleire til skjønte at idretten måtte vera miljø- og klimavennleg om også kommande generasjonar skulle få høve til å gå på ski i vintervakre løyper.

Vi har fått tillatelse til å gjenngi hele innlegget her.

Av: Runar Gilberg, 04. februar 2016

Runar Gilberg (50) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.

Artikkelen står på trykk i Kondis nr. 1-2016.

Kondiskommentaren

Så kom det nokre vintrar der vi har hatt litt betre snøforhold, iallfall i deler av landet, og vi har høyrd mindre til kvit vinter-kampanjen sjølv han formelt sett ikkje er lagt ned. Kan hende er det ikkje så lett å få merksemd om at vinteren er trua, så lenge snøen dett og termometeret viser både fem og femten minus.

Men er behovet for ein kvit vinter-aksjon vorti mindre?

Neppe sett med klimaauge. Globalt sett var 2014 det varmaste året så lenge ein har gjort slike målingar, men rekorden vart klart slegen da oppteljinga for 2015 var unnagjort. Åra frå 2011 til 2015 har vori den varmaste målte femårsperioden nokosinne.

Villsnø og granskog
Også sett med auga til ein som skiftevis oppheld seg i marka og i byen, har behovet for ein kvit vinter-kampanje aldri vori større.

I marka er vinteren kvit og fin, slik han skal vera. Nokre hundebæsjar til tross, det er milevis med villsnø og granskog, friske utforkjøringar og god gammaldags vinterglede. Julekortstemning minst ut januar og kanskje heilt til påske.

Meget godt skrevet! Han har virkelig tatt poenget og forstått teknologien. Enn om "spesialistene" i Vegvesenet og saltforskerne på NTNU/SINTEF kunne ha forstått bare litt av dette?
Lars Erik Bønås kommentar til denne artikkelen

Så går og spring eg gatelangs i byen slik eg bruker å gjera for å komma meg til jobb og fellestreningar i Bislett. Og det er brunt og fælt. Det er blautt og slapsut sjølv om det sia 2. januar ikkje har vori ein einaste varmegrad å oppdrive. Det er eit samanklistra goss av brun gjørmesnø med issvullar under, det er skitsprut på vegar, gangvegar og fortau, inn i hagar og tvers gjennom parkar. Slottsparken ser ut som ein svinesti, og kastanjane i Bygdøy allé døyr.

Går ein inn i butikkar og kontorlokale med skorne på, renn gjørma utover golva i strie, brune straumar. I Bislett er det smelta skitsnø i trappa og på banen. I garderobane er du tilgrisa på eit blunk om du trør på sokkelesten.

Jo meir kvit snø som kjem ned, jo brunare blir byen. Jo meir rein snø som dett frå himmelen, jo meir forureina blir vatna og drikkevasskjeldene. Bruer og bremser blir øydelagde av saltinga. Både menneske- og hundepotar blir såre. Vinteren 2014/2015 vart det sett ny nasjonal saltrekord med 239 000 tonn strødd på vegane og vidare ut i naturen.

Sjølvmotseiing
«Salt smart», seier Staten og Vegvesenet når dei forpestar by og land med saltbilane sine. «Salt smart» er ei sjølvmotseiing på line med «Torturer behageleg».

For det er ikkje smart å spreie tonnevis av salt ut i innsjøar og grunnvatn. Det er ikkje klokt å ordne seg slik at trea og jordbruksavlingane langs vegen tek skade. Har ein vett i hovudet og snev av estetisk sans, gjer ein ikkje vakre vinterbyar om til brungrå sørpegettoar.

Saltsvineriet har dessutan ei eineståande evne til å spreie seg. Dersom ein saltar ein veg i eit område, blir alle vegane i nærleiken misfarga og glatte da saltet blir dregi med av både bildekk og skosålar. Det blir ikkje salta i den gata eg bur, men den er brun og fæl og glatt – på grunn av saltinga i ein veg 350 meter unna.

Difor må eg på morgonturane mine til jobb langt inn på dei usalta gangvegane forbi Nordberg Ungdomsskole før eg får fast og kvit vintersnø med god friksjon under beina. Oj, så fint tenkjer eg, det er ein fryd å springe. Ein morgon var det til og med tendens til fokk – herleg!

Men allereie i Gaustadvegen tek elendet til. Brune vegar. Samanklistra gjørmesnø. Svullar av sjøissorten. Enda lenger ned, ved Ring 2: blautt, grått slaps enten det er to eller ti minusgrader.

Tomme lager
Saltasnø er vinter på sitt tristase. Ein kveld eg gjekk heim frå jobb var det så ille at eg vart deprimert. Seks minusgrader, brun gjørme, blaute sko. Korfor skal det vera så fælt når det kunne ha vori så fint?

For nokre år sia gjekk Veguvesenet i Trondheim ut i Adressa og åtvara folk mot kvite og glatte vegar, for det store forbruket hadde tømt saltlagra.

Kva skjedde? I kommentarfeltet under artikkelen hagla det med hallelujarop – det var den gladaste nyheita lesarane hadde sett på lenge. 97 av 99 jubla – og vona saltbilane måtte bli ståande for alltid.

”Trondheim bydrift er tom for salt – nå ble jeg glad!”

”Takk til vår herre for at du har hørt på alle bønnene fra oss i Trondheim som har vært oppgitte over denne saltingen.”

”La oss nå få beholde hvite vinterveier med godt føre i stedet for speilglatt saltsørpe!”

”Sjampis og sigar i kveld, herre må feires ;)”

”Her var bare jubel over utsikter til saltfrie veier. Kanskje de som påfører salt skal tenke seg om en gang til før de igjen begynner med å spre svineriet ut over veiene.”

Ja, tenk om det hadde vori sant, at det verkeleg vart slutt på saltinga. Slik at folk igjen kan renne på spark og bli glade av å vera ute.


Stopp veisaltingens Lars Erik Bønå har lagt igjen følgende kommentar under artikkelen på Kondis.no:

Meget godt skrevet! Han har virkelig tatt poenget og forstått teknologien. Enn om "spesialistene" i Vegvesenet og saltforskerne på NTNU/SINTEF kunne ha forstått bare litt av dette?

Ekstra informasjon