Ein ting er sikkert, ein treng ikkje leite lenge etter sprekkar i asfalten. I Hallingdølen 26. januar prøver seksjonsleiar Knut Erik Skogen seg på ei forklaring på fenomenet. Han seier at han har forska litt på saka. Kva denne forskinga går ut på ,veit ikkje eg. Men dersom han har lese i «Skadekatalog for bituminøse vegdekker», så har eg også lese i den. Denne bør uansett vera kjent for seksjonsleiaren; den er Statens vegvesen sin eigen «Veileder 193» om temaet.

På side 30, om årsaker til tverrgåande svinnsprekkar står det, sitat: «Svinnsprekker i asfalt kan skyldes sammentrekninger i asfalten ved raske temparaturfall og ved lange kuldeperioder» . Den siste årsaka har Skogen fått med seg.

Den fyrste årsaken, at dekket sprekk ved raske temparaturfall, overser han. Denne høver vel litt dårleg inn i saltpropagandaen.

Eg gjorde eit lite forsøk med snøsørpe i ein bolle. Termometeret viste, ikkje uventa, 0 grader. Eg hadde oppi litt koksalt, og rørde om. I løpet av 24 sekund sank temparaturen til 17 kuldegrader. Dette er eit raskt temparaturfall.

Ein gong eg skulle trekke fisk held kokevatnet 90 grader og eg var klar til å legge fisken oppi vatnet. Men pokker, dette var ikkje fisk frå Strandafjorden, men frå Tuvetjønna inne i fjellet. Her har ikkje Vegvesenet vore med saltebilen; eg må ha i meir salt. Vips, temparaturen på kokevatnet fall på ein blunk frå 90 til 78 grader. Dette er eit raskt temparaturfall.

Det er vel ikkje utruleg at kuldeblandinga har same verknad når vegen vert salta. Ved kvar salting blir det provosert fram raske temparaturfall, mykje raskare og hyppigare enn noko verskifte kan gi. I tillegg har me og lange kuldeperiodar. Sannsynlegheita for at vegen sprekk vil auka når Vegvesenet framprovoserer ein årsak i tillegg til det naturfenomenet kulda er. Det er ikkje greitt at ein statstenestemann, som seksjonsleiar Knut Erik Skogen, ikkje fortel heile sanninga om mogelege årsaker til tverrsprekkar i asfalten. I staden for informera om temaet, driv han agitasjon og propaganda for å dekke over eventuelle skadeverknader av vegsaltet.

På nettstaden «forskning.no» er det publisert ein artikkel som heiter «Salt kan bidra til sprekker i vegen». Her kan den som er interessert lesa meir om korleis vitskaplege forskarar vurderer verknadene av vegsaltet.

Knut Eide, Hallingdal

Ekstra informasjon